Suggererande bilde- og musikkepos

Fleire tiår før høgkvalitets time-lapse-filming blei allemannseige, blei denne bragden av ein film sett på som ein sensasjon verda over. Den er framleis rekna som ei sterk oppleving, mykje på grunn av den gode dramaturgiske oppbygginga, som saman med musikken gir det heile ein sterkt suggererande effekt.

Koyaanisqatsi er inga vanleg dramatisk forteljing, men mellom linene fortel filmen oss likevel svært mykje om kloden vår. Dette er ein slik film som gjer seg best i ein mørk kinosal med stort lerret og heftig lyd. Opptak på analog film gjer filmen i tillegg meir organisk og ekte.

  • Regi: Godfrey Reggio
  • Manus: Godfrey Reggio m.fl.
  • Produksjonsår: 1982
  • Varighet: 1 t 26 min
  • Land: Frankrike
Leave a Comment